søndag 15. august 2010

Kun 7 uker sommerferie igjen.

I dag har eg vore på golfkurs. Onde tunger vil ha det til at tidkrevjande hobbyar er naudsynt om ein skal halde ut ein stortingsferie frå midten av juni til slutten av september. Eg trur dei aller fleste stortingsrepresentane har meir enn nok å fylle tida med, og difor slepp å ta i bruk tidtrøytte som golf og laksefiske.

Den neste veka skal eg gjere dette:

Måndag (16. august): Besøke ein pelsdyrgard. Eg har lyst å sjå nærare på korleis det er å være mink og lære meir om dei utfordringane som ligg i næringa.

Tysdag: (17. august): Eg skal besøke NAV Rogaland. Tema er kvalifiseringsprogramet og arbeidslivssenter.

Onsdag: (18. august): Møter i Oslo. Mellom anna gruppemøte i Senterpartiet.

Torsdag: (19. august): Eg skal besøke NAV Rogaland. Tema er NAV kontaktsenter og NAV Forvaltning.

Den femte dagen kvilte han. Og då skal eg få start på den radiostyrte bilen min som eg fekk i morgengåve i bryllupet. Den har ikkje vore i bruk i det heile - men eg vonar at med bistand frå ein habil bilmekanikar har eg god tru på at me skal få start på den.

Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar