lørdag 29. mai 2010

Erik Thorstvedt

Eg slengte meg ned i flysetet på plass 2F. Eg trudde det var 2F som var mitt sete. Men 2F var det sete eg hadde då eg drog til Oslo om morgenen. No var det kveld og eg var på veg heimatt. Og på denne turen hadde SAS gjeve meg sete 2B. Det hadde ikkje eg fått med meg.

Eit heilt ufarleg mistak. Men så kom ein mann og lurte på om eg hadde sete 2F. Og det var sjølvaste Erik Thorstvedt.

Eg sa at eg ikkje var sikker på om eg hadde rett plass. Han hadde ein lapp der det stod 2F.

Og då plutseleg vart han alldeles rasande. Han tok tak i kragen på meg. Lyfta meg opp og ropte til dei andre passasjerane: "sjå denne guttekvalpen har teke mitt sete. Han har teke mitt sete. Sete 2F. Han har teke sete til Erik Thorstvedt. Eg som har spela på Tottenham og på landslaget. Eg som har vore med i reklamefilm for Norsk Tipping. Han har teke sete til Erik Thorstvedt frå Stavanger" Så la han meg inn i bagasjehylla og slengte igjen luka. Så sette han seg i sete 2F og sa: "Dette er sete til Erik Thorstvedt. Eg som har spela på Tottenham og landslaget. Dette er sete til eg som har vore med i reklamefilm for Norsk Tipping. Har du huska å tippa?"

Sjølvsagt er dette berre tull. Det stemmer at eg hadde teke sete til Erik Thorstvedt. Men han sa berre: "Då kan eg ta ditt sete. Kor skulle du eigentlig sitje?" Eg fann lappen min og der stod det: 2B.

Lærdom: Fantasien er ofte meir spanande enn røynda. Og Erik Thorstvedt er ein goe mann og fleire flypassasjerar burde gjere som han og ta det roleg.

2 kommentarer:

  1. du skriv så herleg nynorsk geir!!:)

    SvarSlett
  2. Glad det ikkje er rødpenn på pc.

    SvarSlett