Statsbudsjettet 2010:
I dag avgjer Stortingets familie- og kulturkomité si innstilling til statsbudsjettet for 2010. Her har komiteen følgjande merknad om Nasjonalt Garborgsenter:
”Komiteen mener realiseringen av et Nasjonalt Garborg-senter i Time på Jæren er viktig, og ber Regjeringen holde frem arbeidet med å finne en løsning for å få realisert senteret og utstillingen i tråd med vedtatte planer.”
Eg og Senterpartiet er særs positive til denne merknaden. Den gjer uttrykk for stortingsfleirtalet si utålmod med å finna ei løysing for finansiering av nytt nasjonalt Garborgsenter.
I tillegg må ein og merke seg at stortingsfleirtalet sitt ynskje er å få realisert senteret og utstillinga i tråd med vedtekne planer. Dette er eit klart svar på forsøka på omkamp om lokaliseringa av senteret.
Eg meiner at denne merknaden set ein strek for debatten om lokaliseringa og synleggjer staten si positive haldning til det senteret som no er under oppføring. Senterpartiet vil no ha full innsats for å finne ei løysing på den økonomiske delen av saka.
Både eg og Magnhild gjekk langt i å lova statleg støtte til nasjonalt Garborgsenter på Bryne i valkampen. Det skal me få på plass, og merknaden i dag var eit viktig steg i rett retning.
onsdag 9. desember 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar