lørdag 23. oktober 2010

Opning av kunstutstillingar på Hå gamle prestegard.

Her er talen jeg holdt da jeg åpnet to kunstutstillingar i dag. Du kan lese mer om utstillingen her 

"Takk for invitasjonen til å opne to utstillingar her på Hå gamle prestegard. I ein politisk kvardag – der ein diskuterer, forhandlar, voterer, kranglar, og får kjeft for ting som er gale – så kan ein spørje seg kva er det som får folk til å bli politikare?


Les ein avisene kan ein tru at det er ein flaum av gåver som driv oss. Det er det altså ikkje. Det er sjølvsagt opningane som får oss til å halde fram. Og i Noreg er me jo ikkje særlig seremonielle av oss. Men opningar er med gode på.

Eg har vore med å opna vegar og sykkelvegar, vasskraftverk, kumøkkkraftverk, CO2-renseanlegg, NAV-kontor, salsmesse, skular, sjukeheim, bibliotek og gasskraftverk. Eg er glad for at å kunne få lov til å opne, ikkje berre ei, men to kunstutstillingar i dag. Og eg ser at i likskap med andre opningar, så er det også her: smilande fjes – forventning – seremoni og høgtid.

For meg som jærbu er det spesielt kjekt å være her på Hå gamle prestegard – prestegarden er ei perle på Jæren. Men når det vakre blir så nære – så trur eg me ikkje er gode nok til å setje pris på det. Men eg vart gladare i denne plassen for kvar gong eg er her. Det er kombinasjonen av det historiske tradisjonelle ytre – med løa og jærhusa – som møter det nye og spannande inne. I form av utstillingar av forskjellige slag.

Den første utstillinga som er i dette rommet er Anita Tjemsland – og utstillinga ”Into the wild west” . Ho har med denne utstillinga gjort noko som gler ein Senterpartist. Ho har teke steget frå det urbane til det rurale. Frå London og New York til Jæren.

I skildringa av utstillinga er det brukt eit omgrep som eg meiner det er grunn til å stogge opp å reflektera litt kring. Og det er omgrepet ”det velbrukte landskapet” Eg har ofte tenkt på kvifor det er så vakkert på Jæren. Eg har hatt litt vanskar med å forklare det for folk frå andre delar av landet, men no veit eg det. Det er på grunn av det ”velbrukte landskapet” .

Linnea Blakeus Calder – og utstillinga ”på naken hud” omhandlar eit krevjande politisk tema. Kor mykje skal me tukle med naturen? Finns det ingen grenser for forskinga – går omsynet til friskare og lengre liv framfor alt? Eller finnes det nokre etiske og moralske grenser for forskinga? Og kva om me gjer eit gjennombrot som gjer oss så friske at me lever i 200 år. Sjølv om me ikkje døyr av sjukdom og slitasje – vil me då kjede oss i hel? Eller rundt 80 år – som er snittlevealder – ei passande tid å tilbringe her på jorda. På den andre sida – kan ny kunnskap om genane være det som skal til for å fjerne svolt og løyse utfordringane knytt til ein framtidig befolkningseksplosjon.

Det har vore kjekt å få sjå utstillingane – det er flott med lokale kunstnarar som utfordrar og bidreg med nye perspektiv. For det er viktig og her på Jæren.

Framtidas suksessregionar – handlar ikkje berre om kapital, arbeid og grunderånd. Det handlar også om kreativitet, fantasi og ikkje minst toleranse.

Desse to utstillingane og Linne Blakeus Calder og Anita Tjemsland er viktige bidrag i så måtte.

Til lukke med utstillingane."

Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar