Eg har og tidlegare meint noko om pelsdyr, så eg var førebudd på at det kom reaksjoner og at dei i all hovudsak kom til å vere truande i forma og usaklege beskrivelser av meg som person. I den grad det vert argumentert på saken så er det ofte galt det som skrives. Ein klassiker er "dyra blir flådd levende". Eg har aldri flådd ein mink eller rev, men eg veit såpass om dyr at skal du flå tusen dyr så er det enklast å gjere det etter at dei er daude.
Eirin Storesund |
"Geir Pollestad kan stikke og henge seg! #DøJævelDø"
Eg har ikkje problem med å sjå at det å ha ha rev og mink i bur gjer nokre særlege utfordringar knytt til dyrevelferd. Eg trur at dyrevernarane hadde tent på å diskutere saka på ein ærleg måte framfor å kome med skildringer av meg og andre som har same syn på pelsdyr som meg.
Eg har ikkje ei ekstrem haldning til saka. Senterpartiet, Kristelig Folkeparti, Høgre og Framstegpartiet deler mitt syn på næringa. Næringa er lovleg og stor i mellom anna Sverige, Finland, Danmark, Polen og Nederland. Pels er, så langt som eg har fått informasjon om, ei lovleg vare i alle verdens land.
Eg kjem nok til å meine meir om dette seinare. Og eg gret ikkje sjølv om Fam Ingvoll (norsk designer) meiner at eg har sagflis mellom øyra.
Og la meg til slutt gjere ein sak klar: Bøndenes fremste oppgåve er å produsere mat! Men det er jo ikkje feil å lage litt miljøvennlige og flotte klær og.